Krosstoga er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann
stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den
romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen
kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk
kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den
aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store
overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne.
Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige
innverknader, og nokre av dei har vart inn i vår tid. Som følgje av
indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene
gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det
fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne
Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken
Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første
krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre
herskarar enn paven kunne sette i gong eit krosstog. Les meir …
All tekst er tilgjengeleg under Creative Commons-lisensen
Namngjeving/Del på same vilkår. Sjå Vilkår for detaljar.
... slaget ved Almansa under den spanske arvefølgjekrigen truleg var
det einaste slaget i historia der dei britiske styrkane kommandert av
ein franskmann kjempa mot dei franske styrkane kommandert av ein
brite?
... Led Zeppelin-songen «D'yer Mak'er» på engelsk vert uttalt på same
måte som Jamaica og viser til ein gammal vits?
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vert avvikla måndag
12. september 2011. I tillegg held 195 kommunar vallokala opne
sundagen 11. september i heile eller delar av
kommunen. Førehandsrøysting kunne gjerast frå onsdag 10. august og
fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan
Mayen var det mogleg å røyste frå 1. juli.
Det skal veljast totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429
kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting. I tillegg skal
det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som
kommune- og fylkestingsvalet blir arrangert, avviklar Den norske
kyrkja kyrkjeval for organa sine.
Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei
vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff er drap,
valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er
òg vorte straffa slik ei rekkje stader. Dødsstraff er avskaffa i dei
fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange ikkje-vestlege
land og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova
var Tyskland og Costa Rica i 1949. I Noreg var landssvik i krigstid
knytt til dødsstraff fram til 1979 og den siste avrettinga (militær
straffelov) vart utført i 1948. Den siste sivile dødsstraffa i Noreg
vart utført i 1876.
